Kva skal ein skrive om boka som det er skriven så mykje om allereie? Boka, og
forfattaren, som det er skrive minst like mykje om.
Eg kan skrive at Knausgård skriv drivande og godt. Eg har lyst å lese meir, meir, meir.
Eg vart gripen av skildringane av ungdomstid og oppvekstens mange dilemma som er så gjenkjennbare.
Forholdet til faren er interessant. Faren som trass usympatiske trekk har ein posisjon i samfunnet og i familien, og ein status for åtteåringen Karl Ove. Faren som mistar heilt grepet om tilvêret, og taper det meste.
Karl Oves farmor. Frå flott dame til småsenil, gammel mor til ein alkoholisert son som gjer om heimen hennar til ein svinesti.
For meg hadde boka vore knakande god sjølv om eg ikkje hadde noko aning om at ho er(?) sjølvbiografisk. Men samstundes gjer det at historia får ein ekstra dimensjon over seg; eg blir nyfiken, litt sjokkert, ivrig etter å finne ut meir.
Og, ja, eg skal lese vidare. Det er berre 57 foran meg i lånekøa på biblioteket ...