torsdag 7. januar 2010

Summariske bokmeldingar

Jaudå - eg las bøker på slutten av 2009 òg, men eg hadde så lite inspirasjon til å blogge om dei. Det til tross for at bøkene eg las ga mange tankar og fine opplevingar.

Eg har lest:

Vigdis Hjorth: Hva er det med mor
Dette er ei dotters biografi om mor. Mora er alkoholikar, men samstundes så mykje meir: ho er kunstmålar, ho joggar lange turar, har sterke meiningar og ho er eit heilt menneske som både kan beundrast og fordømmast. Eg lot meg fascinere av mor-dotter-forhaldet som Hjorth skildrar, og av korleis dei to kvar for seg og saman handterer livet.

Tomas Espedal: Dagbok
Eg var spent på denne boka etter å ha lese så mykje bra om boka hos flimre. Espedal skriv godt; her er ikkje eitt einaste ord slump, det er ikkje eit ord for mykje - eller for lite. Små, poetiske tekster som står godt for seg sjølv - og til kvarandre. Dei er vakre og vemodige. Eg tykkjer ein av tekstane må få vere med her:

La oss gå den motsatte vegen: baklengs opp grusgangen med ryggen mot huset og inn døren som lukkes. Du rygger inn i entreen, besluttsomt bakover mot en ny dør og inn i skriverommet hvor du, uten øyne, som om nakken er seende og vitende, finner stolen og setter deg ned. Du ser ut vinduet, kanskje er det tingene ute som ser inn, det kaster et blikk tilbake, og brått er du sett av noe som ikke kan se.
Eplene ligger i to sirkler på bakken rundt trærne, og med ett løfter ett av eplene seg fra bakken. Eplet løftes, det stiger opp, en rett linje fra bakken og hurtig opp mot grenen hvor det fester seg. (s. 48)

Her tykkjer eg han uttrykkjer ønsket om å reversere tida så fint. Det høyrer med til historia at boka er skriven etter at kona hans døde, og at det er mykje sorg som blir bearbeidd i desse tekstane.

Tomas Espedal: biografi.
Dagbok ga meirsmak. Og biografi. likte eg endå betre. Her er så mykje absurditet og humor, og igjen: vemod. Eg smiler, humrer og kjenner meg litt trist - om kvarandre. Å lese Espedal gir stor inspirasjon til å skrive sjølv. Espedal greier i svært kort format å fortelje historier. Det er verkeleg beundringsverdig, tenkjer eg.

Eg må dele ein tekst herfrå, òg:

sommer.
Det snødde og vi kjørte mot sjøen. Det hvite hadde lagt seg i trærne og over fortauene og det var brøytekanter det siste stykket ned mot kaien. Vi parkerte ved badehusene, kledde av oss, gikk hånd i hånd lang stranden. Måkene fløy opp, solen brøt igjennom og vi hørte latteren og stemmene og ungene. Det var himmelen og den nye nylonblå badedrakten og bølgene og vi kastet oss uti, svømte og løp tilbake til bilen. Jeg startet motoren, skrudde varmeapparatet på fullt og vi spilte Stan Getz og drakk gin og røykte og kysset salt og du trakk av deg badedrakten. Solen var hvit og varm gjennom frontruten, og jeg sommerelsket deg, kjæreste.
(s. 60)

Fint, ja?

Kristopher Schau: På vegne av venner
Denne boka fikk eg i julepresang. Den einaste boka under treet denne gongen. Eg hadde aldri komme på å kjøpe denne boka sjølv, men ho overraska meg positivt. "På vegne av venner" er det ein skriv i dødsannonsa når ei bisetting blir gjort i kommunal regi fordi det ikkje finst familie, og knapt nok venner. Schau ville finne ut meir om fenomenet; folk dør og ingen kjem for å ta avskjed. Så han deltar i bisettingar over ein periode. Høyrer kva prestane seier, og blir innimellom positivt overraska over kva dei greier å seie om ein person dei veit minimalt om. Den eine bisettinga har ikkje ein gong seremoni - ingen veit kva trussamfunn han høyrde til, og å gjennomføre eit anna ritual enn det rette, kunne bli heilt feil det òg.

Er det verkeleg muleg å ha levd eit relativt langt liv utan at nokon kjenner spora dine i det heile?

Dette er ein annan Schau enn eg kjente frå før. Det er ikkje moromannen. Eg likar å lese at han reflekterer rundt oppfattingane mange har av han, og eg likar at han har sjølvironi.

No er det nytt år og nye leseopplevingar. Etter positive meldingar og superlativer i lengre tid var eg nyfiken på Karl Ove Knausgård. Eg les derfor første bindet av Min kamp. Og: Eg er imponert og har flira høgt fleire gonger. Lovande!

3 kommentarer:

  1. Dette var fint å lese! Takk takk.

    SvarSlett
  2. Fint oppsummert!! Og Tomas Espedals bøker virker kjempefine. På vegne av venner var veldig fin!! :-)

    SvarSlett
  3. Morsomt at du fikk boka til Schau. Har lurt litt på den selv, og akkurat som deg så er mitt inntrykk av Schau så som så, men nå har jeg med tiden skjønt at han er mer enn bare moro-mann.

    Rune

    SvarSlett

Det er sååå kjekt å få tilbakemelding på innlegget mitt. :-D