Kjærleik, det vakraste ord på jord. Men: Kjærleik er òg ulykkeleg. Og kjærleiken er mangfaldig. Dette tenkjer eg etter å ha lese novellesamlinga til Lars Mæhle.
Det er mykje som heng saman i denne boka, mellom novellene og inn i den grande finalen. Det er så mykje som heng saman at han kanskje skulle ha jobba tekstane saman endå litt meir - til ein novelle-roman, til dømes.
Det er relasjonane mellom menneske Mæhle er aller best til å skildre; kor vanskeleg det er å vere nær, sleppe den andre inn, korleis vi gir opp, forstiller oss for kvarandre. Trist? Ja, men det er håp, både i boka og i det store og heile.
Den siste novella, der nebbvinden er ein viktig aktør, er så bra skriven at eg kjenner vinden gjennom marg og bein. Vinden bles opp til drama; ute som mellom menneska. Ann-Jorid kjemper seg gjennom vindkasta til han som har elska ho så lenge, taket på Domus har losna og utgjer ein fare for alle som vågar seg utomhus, Rune har vorten svikta av kjærasten og køyrer desperat rundt i ein gamal, brun Audi. Og vinden? Han byggjer seg opp og blir sterkare og sterkare:
"... eg er vinden, eg stryk bortover landskapet, langs fjellformasjonane midt i landet, over fjelltoppar, vidder, lier og vassdrag, alt dette som ligg under meg, og alt no er eg sterk, alt no ber eg katastrofen i meg ..."
Dette er god litteratur, og eg rår dykk til å lese denne vesle boka med det raude ljoset på omslaget.
JAAAAAAAAAAAAAAAAAAA!
SvarSlettJeg sier som Knirk: JAAAAAAAAAAAAAAAAA!
SvarSlettOg jeg er enig med deg Mettemor: Kjærleik er det vakreste ord på jord!