lørdag 1. desember 2012

1. desember

Nett har det vore fullmåne. Han flaumlyser, lyser ei uro inn i meg. Ikkje sove no, vake.

Eg deler eit månedikt med dykk:

I DAG SÅG EG

I dag såg eg
tvo månar,
ein ny
og ein gamal.
Eg har stor tru på nymånen.
Men det er vel den gamle.
(Olav H. Hauge)

Den gamle vert ny. Kastar nytt lys. Uroar oss med å vise kor lite vi har lært sidan sist, kanskje?



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Det er sååå kjekt å få tilbakemelding på innlegget mitt. :-D