mandag 10. desember 2012

10. desember

Morgonstunder

Første:
Vente på bussen medan den andre snøen for vinteren fell. Snøkrystaller i mascarasvarte augevipper.

Andre:
Stå midt på Torvet i eit lysorgel. Grøne og blå snøfiller sirklar i lyssøylene som går inn i himmelen.

Og:
Framleis er klokka berre 0815! Med slik lykke i bagasjen kan alt skje.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Det er sååå kjekt å få tilbakemelding på innlegget mitt. :-D