tirsdag 16. juni 2009

Lykka er ein sjeldan fugl av Anna Gavalda

Eg er Anna Gavalda-fan. Slik er det.

Det er ei stund sidan eg las Lykka er ein sjeldan fugl. Boka med den vemodigvakre tittelen. Men eg fann ikkje motivasjon til å skrive om den her. Kanskje har det med statusen Gavalda har hos meg, og som ho ikkje levde heilt opp til i denne boka? For det kan eg seie med ein gong, denne romanen er ikkje i klasse med Saman er ein mindre aleine. Og med høge forventningar, så vart det ein liten nedtur for meg.

Når det er sagt, boka er til tider både varm og morsosam, bonderomantisk og realistisk. Hovudpersonen er Charles Balanda - gift, stefar, overarbeida, og slett ikkje lykkeleg. Dette er situasjonen da det kjem eit brev til Charles. Brevet har tre ord: "Anouk er død." Det er Anouks son og Charles' gamle bestevenn som har skrive orda.

Raset er utløyst. Charles begynner å nøste i fortida, og går opp gamle stiar. Mentalt og geografisk. I den prosessen finn han ut at noko må gjerast med livet hans. Han elskar ikkje kona, og kona elskar kanskje han endå mindre? Charles ønsker likevel ikkje å miste stedottera, Mathilde.

Så det er berre å kome seg ut på vegen. Følgje stiar og tenkje tankar.

Charles biltur ender i ein avsides landsby, hos Alexis, barndomsvennen og altså son av Charles store ungdomsfascinasjon, Anouk. I denne landsbyen bur òg Kate. Fostermor til fem som bur i eit kråkeslott av eit hus. Det blir eit møte fullt av fascinasjon for Charles. Men - Kate har og ei fortid, og fortid kan gjere ein brent og redd for å våge dei nye vegane som dukker opp.

Eg tilrår gjerne boka. Ho er underhaldande, og passar for late dagar på stranda i sommar. Og, du, senk forventningane, så trur eg opplevinga blir fin.

6 kommentarer:

  1. OK - jeg senker forventningene! :-) Jeg likte veldig godt boken Saman er ein mindre aleine og filmen som jeg så først!

    SvarSlett
  2. Alle jeg har snakket med sier det samme som deg, så jeg har tenkt å styre unna. God sommer!

    SvarSlett
  3. Litt enig med deg her Mettemor! Jeg har anmeldt boka for Altaposten, ga den 5, og det er fordi den faktisk er god! Men den rekker jo bare Saman er ein mindre alene til midjen, men den var jo så god at tallet som kan beskrive det ikke står på terningen!

    SvarSlett
  4. Min favoritt av Gavalda er "Eg elska ho",som jeg anbefaler hvis du ikke har lest den enda. Jeg har ikke lest "Lykka er ein sjeldan fugl" enda. Gleder meg!

    SvarSlett
  5. Takk for koselig kommentar i bloggen min :)

    Dette var en ny blogg for meg, men jeg ser at bøker er en av dine store lidenskaper i likhet med meg, så her skal jeg følge med videre :)

    Jeg har ikke lest noe av Gavalda ennå, men hun står på listen min med opptil flere titler.

    SvarSlett
  6. Koselig at du vil "følge meg", Stine Marie - jeg kommer til å følge din blogg også. :-) Og gled deg til Gavalda.

    Karin: Jeg har lest Eg elska ho. Boka er nydelig skrevet om svigerfar og svigerdatter.

    Og ja, Solgunn: Lykke er ein sjeldan fugl er fin den også. Så, Knirk, du trenger ikke styre unna, egentlig. Bare ikke lese med Saman er ein mindre aleine for øyet.

    :-)

    SvarSlett

Det er sååå kjekt å få tilbakemelding på innlegget mitt. :-D