torsdag 23. juli 2009

Eit slag for nærområdene

Reiser treng slett ikke vere så lange eller til så hippe stadar.

Ein dag tok eg ferga over til Fosen, køyrde tvers over halvøya, passerte skog og innland. Då eg kom til Åfjord fortsatte eg nordover retning Bessaker. Bessakerfestivalen kan vere eit evenement fleire har høyrd om, kanskje? Men før eg kom til Bessaker svinga eg av til venstre på Reppkleiv. Bilen klatra oppover bakkar, nedover bakkar, oppover bakkar, nedover bakkar. Så kom eg til Nesvalen. Next to storhavet. Karrige berg, kvite sandstrender, små hus. Eit trøndersk Saltkråkan.



På biletet ser ein utsikten ut mot havet frå Brandsøytoppen. Nynnande på Edvard Fliflet Bræins "Ut mot havet" så kjem ein i nett rette steminga.



Dette biletet er teke på Brandsøya, Nesvalen, med. Eine sandstranda ligg til venstre for nausta.

Nesvalen er definitivt ytre strok. Ein annan dag køyrde eg difor innant - til indre strok. Eller - ikkje meir inn i Trøndelag enn at eg fortsatt var i kontakt med saltvatn.

Eg tok turen til Frosta. Høyrt om jordbær frå Frosta? Eller potet frå same plass? Eg kan love det blir potet der i år òg. Potetåkrane blomstra med lyselilla blomster. Som lavendelen i Provence!

I tillegg til dei lilla åkrene gjorde og dei gule inntrykk. Solmodna kornaks som plystra i brisen. Kråkene som letta då vi kom nære nok -.

Frå Frosta gjekk turen over ei svært lang og svært smal bru, til Tautra. På denne øya ligg Tautra Mariakloster. Eit kloster for Cisterciensernonner.



Nonnene lager blant anna såper. Med naturlege ingrediensar; strutseolje, havre, urtar, nyper, liljekonvall, honning. Mmm. Mild og god lukt.



Er ein først innant, så er Levanger ein fin, liten by å vitje. Visste du at byen er ein cittaslow? I Sjøgata fryda vi oss stort over alskens krimskrams hos Ertsaas & Weie Ans. Hagehanskar, lampeskjermar, verkty, fjernstyrte bilar ... Eg fann til og med ei bok om sko som eg ikkje greide å gå i frå.



Eg rår dykk til å ta ein liten tur, det treng slett ikkje å vere til stadane eg har skrive om no. Dra på oppdaging i nærleiken av der du bur. Nyt den lille reisa med opne auger og sansar. God tur!

1 kommentar:

  1. Så fine turer du har vært på! Og den boka såg kul ut, skjønner at du ikke gikk fra den! :-)

    SvarSlett

Det er sååå kjekt å få tilbakemelding på innlegget mitt. :-D