lørdag 12. desember 2009

Englar



Englar steig frå himlen ned

Englar steig frå himlen ned,
song så fagert over jord.
Og frå fjella ljoma det
med i deira glade kor.

Gloria in excelsis deo. Gloria in excelsis deo.

Kvifor vart den jubel stor
hyrdingar til del ein gong?
Kva for glade budskapsord
kjem med deira himmelsong?

Gloria in excelsis deo. Gloria in excelsis deo.

Kom til Betlehem og sjå
han som all den lovsong får!
Her han ligg på høy og strå
Kristus Herren Kongen vår.

Gloria in excelsis deo. Gloria in excelsis deo.

Denne songen song eg med koret eg er med i i går. Eg veit dessverre ikkje kven som har skrive teksten, melodien er ein fransk folketone.

Engelen på bilete er laga av glas- og smykkekunstnaren Tove Egholt. Vakker, ja?

Eg kjenner at eg elskar englar!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Det er sååå kjekt å få tilbakemelding på innlegget mitt. :-D