mandag 16. mai 2011

Hanne Ørstavik: Hakk

Dette er Ørstaviks debut frå 1994.

Hovudpersonen bur nordpå ein stad. I eit hus åleine. Fortid er ein stor del av notida. Ho har med seg minner ho ikkje greier å fri seg frå. Om faren. Mora. Kva slags ektemann var denne mannen, kva slags far? Han verkar uforutsigbar, vond, sjuk?

Det flytter ein mann inn i huset der hovudpersonen bur. Ho må ta stilling, ha ein slags relasjon til den nye mannen som har dukka opp i hennar verden. Fortida bilete blandar seg med notida. Vil ho greie å sleppe det gamle?

Ørstavik har ein knapp stil. Mykje uro dirrar innimellom orda, setningane. Forfattaren måler eit indre drama stillfarent med nerve og vemod. Denne boka er enda meir knapp i formen enn dei eg har lese før, og som er nyare. Medan stemninga er svært ørstaviksk.

Eg er glad eg vart tipsa om boka.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Det er sååå kjekt å få tilbakemelding på innlegget mitt. :-D