Eg har fått denne beundringa for Tomas Espedal.
Eg blar i Natt&Dag på Dromedar i kveld og eit stort bilete av Espedal treff meg midt i diskursen. Arbeidarklasseforfattaren avbilda i dress med dette andletet; grovt, alvorleg.
I intervjuet seier han: "Jeg er kun opptatt av språket". Og om sitt sjølvbiografiske prosjekt: "[...] da jeg skrev "jeg" første gang og brukte navnet mitt samtidig, så skjedde det noe med tekstene som jeg var helt avhengig av [...] en intensitet som de andre bøkene hadde manglet."
Når eg les Espedal verkar språket så enkelt, så kvardagsleg. Han skildrar skrivebordet han sit ved, rommet. Papiret. Treet utanfor. Vegane han trår. Det er så dønn nære - så dønn universelt.
Han seier om å skrive om seg sjølv at det blir skjønnlitterært fordi han skriv om minnene han har.
Eg vil òg vere så modig.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Det er sååå kjekt å få tilbakemelding på innlegget mitt. :-D