mandag 19. september 2011

Bokdamene på Byneset, første treff hausten 2011

Førre veka var vi i gang, Bokdamene på Byneset.

Eg elska ho var lest og "Jeg elsket henne" skulle ses. Først boka, så filmen med andre ord.

"Korleis var slutten igjen?" spurde Åste nesten med det same eg var komen innom døra. Vi repeterte siste sida og hm-a litt saman.

Til osten og vinen kring bordet hennar Bjørg hevda Hilde at svigerfar Pierres elskerinne, Mathilde, var bokas hovudperson.

I filmen var Pierre definitivt personen alt krinsa rundt. Definitivt. "Frykteleg sjølvmedlidande type", skreiv Hilde i ein e-post dagen etter. Svigerdotter Chloes sorg over at mannen, og Pierres son, hadde forlate ho og gått til ei anna kvinne blir ikkje vidare problematisert.

"Eg førestilte meg Pierre meir autoritær og av den gamle skulen, sa eg, som altså heiter Mette, "og Mathilde var langt i frå ei draktkledd forretningkvinne i boka", fortsette Marit.

Vi likte nok boka langt betre enn filmen alle fem. Ikkje lett å leve opp til alle forventingane ei bok skaper. Denne filmen greide det ikkje. Men les Anna Gavaldas bok - ho er god!

1 kommentar:

  1. Ja, boka er veldig god!! Jeg er enig med deg at Pierre virket litt autoritær, en mann som en virkelig har respekt for, i boken. Men nå har ikke jeg sett filmen, då da kan ikke jeg sammenligne heller :-)

    SvarSlett

Det er sååå kjekt å få tilbakemelding på innlegget mitt. :-D