fredag 27. juli 2012

Ein brevskrivar si historie - og oppfordring


I 1967 vart Posten oppretta i Noreg. Det er lenge sidan no. Det måtte vere ei ganske stor omvelting at det vart eit system for postombringing og med postsentralar. Eit fantastisk tilbod og ei framifrå moglegheit til å utveksle nyhende med familie i andre delar av landet.

Eg var ikkje gamle jenta då eg fikk eit nært og lidenskapeleg forhold til Posten - og ikkje mist det som kom med han - brev!

Åtte år var eg då eg fekk mi første brevvenninne. Oddny frå Otrøya. Eitt år seinare skreiv eg brev på nynorsk til Jytte på Jylland, og fekk brev på dansk attende. Interessa tok av i ei kurve som peika rett oppover! Eg hadde brevvennar i Algerie, Tjekkoslovakia (heitte det då), Malta, New York og England. Australia, Østerrike, Sør-Korea, Malaysia, Finland og Ungarn. Eg fekk brev nestan kvar dag, ofte fleire om dagen. Rekorden er åtte!

Vi utveksla informasjon om landa våre, yndlingsfag og familie, gloser på ulike språk, klistermerker og små gåver. Eg drømte om å reise! Besøke alle vennane og landa eg hadde vorte kjend med.

Eg har møtt fleire av dei. Eg dro til Otrøya, Helsinki, Tarbes og Silkeborg. Eg har hatt besøkande frå Danmark. For ein rikdom det har vore! Ei verd full av venner.

Korleis eg vart så nyfiken på verda og andre menneske og kvar eg fekk skrivegleda frå, veit eg ikkje heilt. Kanskje noko har med barndommen å gjere? Eg budde på ein gard. Dit kom alle slektningane som hadde flytta til byar, og etablert seg der, på sommarbesøk. Dei hadde med seg ein vind - vinden utanfrå. Eg lengta alltid ut. Drøymde om å dra med ein båt ut frå land og langt, langt. Elles i året fekk besteforeldra mine brev. Frå tante Ane og onkel Leon og mange fleir. Bestefaren min og eg førte ein liten kamp om å få hente posten kvar laurdag. Kven såg postbilen først og var raskast på foten ned bakken?

I sommar har eg skrive brev til gamle Oslo-venninner, tanta mi i Kristiansund, takkekort til ein bror som lånte meg leilegheita si, eit stort sauekort til ei venninne som likar sauer like godt som meg. Nett fekk eg kort frå Tyrkia. Framleis stundar eg etter å finne brev i postkassa. For å få, må eg også gi. Så i kveld blir det brev til Jylland.

Frå ei sikker kilde har eg høyrd at postens tenester ikkje lenger er mykje brukt. Nestan ingen sender brev meir. Vi sender desto meir elektronisk post.

Inne i hjartet mitt håpar eg likevel at brevet skrive med penn på papir skal leve vidare. Slik vi tek fram igjen gamle stilar, møblar, klede, grammofonplater, så håpar eg at renessansen for handskrivne kort og brev sendt i posten kjem.

Mi vesle sommaroppfordring blir derfor: Skriv eit sommarbrev og nokre sommarkort. Og brått ein dag er det du som opnar kassa di og tek opp ein liten skatt.

5 kommentarer:

  1. Helt enig!

    Jeg skrev også masse brev som ung, og har noen få brevvenner igjen. Noen av de har jeg møtt, og selv om vi er på Facebook og sms'er innimellom så skriver vi fortsatt brev. Jeg har bestemt meg for å prøve å skrive flere kort, det er mitt mål i 2012!

    SvarSlett
  2. Oddny frå Otrøya6. august 2012 kl. 10:13

    Hei! Artig at eg har vært med å skape skrivegleda di :-)
    Det var alltid like spennande å få brev ifrå Bøfjorden, synes å huske at du slapp å vente så lenge på svar også:-) Den tida var fantasien på topp, og det var gøy å skrive både brev og stilar. Skrivegleda er nå desverre borte,det blir kun nokon få julebrev. Det er litt trist, for postkassa nå inneheld berre kjedelige rekningar og ein haug med reklame...

    SvarSlett
  3. Hihi, jeg skriver også brev. Begynte som ung, og har egentlig aldri sluttet, selv om det har gått litt opp og ned med tiden. Synes fortsatt det er like gøy å få brev (så da må jeg jo skrive dem også), og jeg har også møtt noen av de jeg skriver med. Men du har rett, det burde vært flere av oss, særlig når det gjelder å holde liv i Postens tjenester.

    SvarSlett
  4. Karin: Jeg vil følge deg, skal også skrive mer kort. Doble. Da blir det jo et lite minibrev.

    Oddny: Så moro at du fant veien til bloggen. Og nå husker jeg jo også, du og foreldrene dine fant veien til Bøfjorden også. En sommer. Vi to var kanskje 10-11? Og ganske sjenerte.

    Jannicke: Så bra at du har fortsatt å skrive. Brev i postkassa er STORT.

    SvarSlett
  5. I dag fekk eg eit kort frå Kreta, og frå Tyrkia og Andorra har det òg komme kort. Eit brev om å skrive og mykje meir kom frå Kristiansund. Sjølv har eg eit brev som skal sendast til Kina og fadderungen vår der. <3

    SvarSlett

Det er sååå kjekt å få tilbakemelding på innlegget mitt. :-D