mandag 16. juli 2012

Linn Ullmann: Det dyrebare

Innimellom blir ein mint på at fleire hovud tenkjer betre enn eitt. Ulike lesarar ser og tolkar ting ulikt. Dei forskjellige måtane å lese boka, og personane på, kan gi eit meir utfyllande bilete, og til og med endre førestillinga ein hadde før ordskiftet.

Slik kan det gå når Bokdamene på Byneset har lest Ullmann.

Det dyrebare er full av mysterier, løyndommar; løyndommane i menneska sine sinn og historiar.

For; kva er det med Alma? Kva er det med Siri, med Jenny - og med Irma? Den einaste mannen i boka, Jon, han er kanskje den minst mystiske?

Bokdamene samla seg på eit svaberg ved Trondheimsfjorden denne sommarkvelden. Kvitt i glaset og reker på menyen. Var det opplagt kven som drap Mille? Ja, var det eigentleg det? Etter kvart vart lag på lag skrella av personane i boka, detaljar om det eine og det andre kom fram, og vart lagt oppå kvarandre. Og då avdekte det seg endå mykje meir enn bokdamene kvar for seg hadde sett. Vi skåla over våre til saman skarpe blikk medan fjorden glitra nedanfor oss, vi skåla for Ullmann som har skrive ei svært god bok og vi skåla for kunsten å leve det gode liv her og no.

Det er ikkje krim forfattaren har skrive, sjølv om det er det òg. Ullmann er utruleg god til å gjere personane djupe. Og heilt inn skal ein ikkje komme, men litt og litt meir kan ein forstå om ein prøver, resten skal forbli mystisk. Når det stadig er fortolkingsrom igjen, då er litteraturen - og livet - god(t).

Boka blir tilrådd.

3 kommentarer:

  1. Er dette den siste hun kom med? Synes å huske å ha lest at den er veldig mørk og trist?

    SvarSlett
  2. Denne ligger et sted i stablene mine, men nå har jeg noe å glede meg til :-)

    SvarSlett
  3. Knirk: Ja, det er den siste. Gro: Det har du. Noe å glede deg til. :-)

    SvarSlett

Det er sååå kjekt å få tilbakemelding på innlegget mitt. :-D