mandag 1. april 2013

Merethe Lindstrøm: Dager i stillhetens historie

Kva skjuler stilla? I denne boka er mykje løynd. At eg-personen sin mann, Simon, er jøde, til dømes. Han vil snakke om krigen, om slektningane som vart borte, dele med kona og døtrene.

Kan ein bruke opp stemmen sin? Bruke opp forsøka på å bryte togna? Er det det Simon gjer? Gir opp å snakke fordi kona ikkje vil høyre historia hans? Er det difor ho mistar han inn i stilla?

Er det for seint å opne opp eigne løyndommar? Hovudpersonen har mista mannen sin til det ordlause universet. Ho tenkjer attende på livet deira saman. Og endeleg; på sitt eige traume, det ho ikkje har våga snakke om.

Kva er målet med å bryte stilla? Å dele sorga si? Å lette hjartet sitt? Å heile seg sjølv? Å finne saman, bli sterkare ilag?

Eg har ikkje nemnd Marija, ein viktig person i boka. Eg har enno ikkje sagt at om boka er trist, er ho òg vakker, vemodig. Språket enkelt, genialt.

Eg tilrår!

2 kommentarer:

  1. Denne boka har eg på lånelista for biblioteket no. Fint å lese om ho.

    SvarSlett
  2. Denne boka likte eg også veldig godt. Godt gjort av Lindstrøm å skrive så rørande og forsiktig om store personlege traumer...

    SvarSlett

Det er sååå kjekt å få tilbakemelding på innlegget mitt. :-D