onsdag 5. desember 2012

5. desember

Mandarinskalet krølla seg angane på vedomnen. Sendte den søtaste forventingslukt ut i rommet. 

Eg har prøvd med klementinskal. Det når ikkje opp mot barndomsminnet, men det er fint likevel.

tirsdag 4. desember 2012

4. desember

Nokre ord sett seg i hjartet og blir ein del av deg.

Eg hadde ein fin, staut og varm bestefar. Han budde i samme huset som eg då eg voks opp. Han sa:

God natt min skatt, i morgon ser eg deg att.

Innimellom når eg seier god natt til sonen min, kjem han meg i forkjøpet og seier med glimt i augo dei samme orda.

Då blir eg himla glad.

mandag 3. desember 2012

3. desember

Men hvem sa at dagene våre
skulle være gratis?
At de skulle snurre rundt
på lykkehjulet i hjertet vårt
og hver kveld
stoppe på gevinst
Hvem sa det?
Hvor hadde vi det fra?

Nokon får sagt det. Til dømes Kolbein Falkeid.

Å leve skal kjennast. Dersom ein ikkje kjenner sorgen, redselen, den plutselege overraskinga, fryden, kilinga i magen, smerta, kva var vi då? Og ikkje minst, kven?

søndag 2. desember 2012

2. desember

Er draumar berre noko fjernt, livsfjernt? Vi kan drøyme heilt fantastiske, urealistiske og skumle ting om natta. Vi kan drøyme oss vekk frå ein kjedeleg kvardag.

Om ein har ein draum, ville det ikkje vore utruleg fint å leve draumen? Kvifor tenkje at det er umogleg?

Men kva er draumen? Ein heilt vanleg tysdag midt i arbeidstida er det spørsmålet kanskje ikkje så lett å svare på? Ein måte å finne igjen draumane på er å tenkje seg attende til barndomen. Kva likte eg å gjere då, kva gjorde eg i dei lange stundene eg var i flyt? Då eg var så i det at alt anna var uvesentleg?

Å tenkje seg attende til barndomen er eit av tipsa til Ellen Vahr i boka Drømmekraft. Boka handlar både om å finne (attende) draumen og å gjere noko med den. La krafta i den verke.

Då eg gjekk på skulen drøymde eg om å opptre, spele skuespel eller syngje. Eg song mykje framfor spegelen med hårbørstemikrofon. Med åra har eg meir og meir vorte medviten om kor mykje energi songen gir meg. Eg blir så glad av musikk, og å vere i han, at eg nesten brest!

For nokre veker sidan var eg modigare enn en nokon gong trudde eg kunne vere. Eg var i eit rom der det var lagt til rette for spontane opptredener. Gjesten denne kvelden var Henning Sommerro. Eg spurte om eg fekk syngje saman med han. Det fekk eg. Eg song "Nordmørsminne" med hjartet. Den kvelden levde eg ein av mine draumar.

lørdag 1. desember 2012

1. desember

Nett har det vore fullmåne. Han flaumlyser, lyser ei uro inn i meg. Ikkje sove no, vake.

Eg deler eit månedikt med dykk:

I DAG SÅG EG

I dag såg eg
tvo månar,
ein ny
og ein gamal.
Eg har stor tru på nymånen.
Men det er vel den gamle.
(Olav H. Hauge)

Den gamle vert ny. Kastar nytt lys. Uroar oss med å vise kor lite vi har lært sidan sist, kanskje?



fredag 30. november 2012

Film: Arriettas hemmelige verden

Et strå blir som et lite tre, og en blomstereng en jungel. Tar Arrietta med nok blomster og planter innomhus,  blir også stua en frodig oase.

Arretta selv er en liten og helt fantastisk versjon av Pippi i teskjekjerringstørrelse.

Arrietta er en låner. Lånerne tar små ting i små mengder fra Neskene (menneskene). En sukkerbit er for eksempel som en liten steinblokk, men gir sukker i teen i ukevis. 

Arrietta er så utrolig nysgjerrig på verden at gutten Johs ser henne. Hjertesyke Johs og Arrietta utvikler et nært forhold.

Hiromasa Yonebayashis film er en tradisjonell japansk animasjon. Ikke i klasse med Totoro eller Chihiro og heksene eller Katteprinsen. Likevel; det er vakkert, det er magisk og jeg elsker at det finnes en parallell verden. Japanerne er gode til dette. Det er nok å si Haruki Murakami.

Filmen er en Arthaus-produksjon, og alle bildene er lånt derfra.

søndag 11. november 2012

Rachel Joyce: Harold Frys utrolige pilegrimsferd

Å gå er å være, være i tiden, være i kroppen.

Harold Fry går nordover, bakover og innover. Å gå en pilegrimsferd er mer en prosess enn et mål.

Vi får høre om Harolds forhold til kona, til sønnen, til arbeidsplassen og den døende Queenie. Jeg får fort følelsen av at Harolds liv ble annerleders. Vanskeligere.

Hvorfor isolerte Harold og kona seg i hver sin stille verden? Hva skjedde egentlig? Sakte, underveis, nøstes dette opp. Og imens knutene vikles ut, møter Harold mange forskjellige mennesker som bidrar på ulikt vis til at han ser seg selv og livet sitt med nye briller.

Boka er lett å lese og en fin blanding av alvor og humor. På en underholdende måte er historien om Harold en påminner til hver og en om at livet er enkelt og komplisert på en gang.

Jeg fikk et forhåndseksemplar av denne boka av Aschehoug.