torsdag 22. april 2010

Kaffi og bøker og livet



I staden for å skrive bokmeldingar har eg lyst å drikke kaffi, lese og tenkje litt over dei store og små tinga i livet. I bakgrunnen skal Ingrid Olava snart syngje Love, Oh Love, come find me, don't be a murderer, hiding in the dark ...

Eg har høve til å gjere det i dag; sitte her med kaffi-med-mjølka mi, sjå utover på jorda, på haugen og huset der oppe som er huset til Heathcliff i Emily Brontës Wurthering House for meg. Graset er framleis det gamle, gustne frå i fjor, men himmelen er lett og blå.

Og for å kome vidare, utan kjensla av å ha skulle skrive noko om sist leste bøker med dårleg samvit, skal eg gjere det no. Fort og kort.

Johan Theorin: Skumringstimen
Årets påskekrim for meg. Første boka av så langt fire frå eit lite samfunn på Öland. Dette er god krim. Det eg liker spesielt godt er måte forfattaren greier å nærme seg - og nærme oss - til den mistenkte på gjennom tid og kontinenter ...

Sofi Oksanen: Stalins kyr
Dette er vinnar av Nordisk Råds litteraturpris, Sofi Oksanens, debutbok. Dette er ei sterk historie. Hovudpersonen, Anna, ber med seg tunge bører som gir ho ei stor trong for kontroll. Dette lever ho ut til fulle i bulimien. Skildringane av sjukdomen er så truverdige at håra reiser seg på armane. I tillegg har boka historiske element frå Sovjet-tida og frå livet i grenselandet Vest-Europa-Aust-Europa dei siste tiåra. Eg tilrår boka!

No - er det tid for tankar som kan kome og gå som dei vil. I solveggen. Ein torsdag i april. Eg er heldig.

2 kommentarer:

  1. Nyt det! Slike dagar er gull!

    SvarSlett
  2. Åh, det hørtes deilig ut! :)
    I tillegg er det alltid morsomt å lese hva andre synes om bøker en selv har lest.

    SvarSlett

Det er sååå kjekt å få tilbakemelding på innlegget mitt. :-D