fredag 25. januar 2013

Ragnar Hovland: Stille natt

Kanskje var det tittelen Stille natt som fekk meg til å ta med meg denne boka frå hylla på Bookstars i Trondheim, og på juleferie til Vestlandet? Riktignok nordvestlandet, og ikkje Hovlands meir tjukkaste Vestland, men likevel; vestlandsforfattar, julesongtittel.

Det er slik eg liker humoren; underfundig, mørk og rå.

Det er slik eg liker språket; gjennomarbeida utan mykje ekstra dill.

Det er slik eg kan like personane; komplekse til trass for få ord og enkle liv.

Hovudpersonen er forfattar og slit ikkje berre med å skrive, men med damer. Advokatbroren slit med vellukkalivet og vellukkakona. Tredje broren slit med nervane. Far sjølv skal dø, og mor lagar tradisjonell vestlansk bondekost. Dei to yngste brørne er forsvunne på mystisk vis, og skal helst ikkje nemnast lenger.

Familiedrama utan store ord, men full av svart humor. Til Framtida seier Hovland at det var familieforhold han ville seie noko om med boka, og "dette at du ikkje slepp unna familien din". Stillheita og natta er ikkje knytt til jul og julesonger, men eit gamalt trøorgel har fått plass i historia. Dette er litteratur på sitt beste, eg berre diggar Ragnar Hovland. Les, les er mitt råd!

onsdag 9. januar 2013

Marianne Kaurin: Nærmere høst

Ein haust kan by på mangt. Denne byr på forelsking - og på jødedeportasjon. Det er 1942. Oslo.

Marianne Kaurin har skrive ein roman frå andre verdskrig. Eg får Anne Frank-kjensla. Fascinert og fjetra då eg las dagboka til Frank i tenåra. Fascinert og fjetra no.

Det er lett å leve seg inn i 15-årige Ilse si forelsking i Hermann og hennar forvirring over at han ikkje har tid til ho. Det er òg lett å kjenne Isak sin angst knytta til om det i løpet av natta er skrive antisemittistisk bodskap på butikkvindauga.

Språket til Kaurin er godt, ho har ein bevisst penn der setningane, lange og korte, speglar stemning og spenning.

Vente. Isak lukket øynene, lyttet, fottrinn, stemmer, han kom til å dø, tenkte han, der, med armene i været, skutt mot en vegg. (s. 161)

Eg tilrår!

Boka fekk eg frå forlaget.