mandag 3. oktober 2016

Dette er eit farvel

Dette er eit farvel

Men fár vel seier lite om sorgen

Det blir liksom meir og meir
ein avskjed,
for alltid ei djup kløft

Det er nestan fascinerande kor umuleg det er å komme over igjen

Spinkle bruer er fånyttes,
nærmast uklokt,

Skismaet er, og du må tilpasse deg

Fár vel der på andre sida
Eg unner deg alt godt sjølv om du forsvinn