Viser innlegg med etiketten Spania. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Spania. Vis alle innlegg

torsdag 11. juli 2013

Lina Wolff: Bret Easton Ellis och de andra hundarna

Denne gongen blir innlegget lenger enn vanleg. Eg berre advarer for eg veit det er krevande å lese lange tekstar på skjerm. Eg har derimot litt på hjartet, litt meir enn ein omtale av boka. Men eg knyttar det saman. Det kan vere interessant slik.

Det var ein kompliment i dag som skulle til. Som skulle til for at eg vart inspirert. Komplimenten handla vel på ein måte om å tørre; tørre å vere annleis, eller rett og slett seg sjølv og ikkje følgje straumen. Eg blir uendeleg takksam for dette blikket på meg - og kjende meg igjen. Eg prøver ikkje vere slik eller slik. Eg er meg, slett ikkje perfekt, likevel trives eg svært godt med å vere meg, akkurat slik eg er, akkurat i dag.

Likevel skal ikkje dette handle meir om meg no, men om korleis eg skriv om, eller ønsker å skrive om, til dømes bøker.

Eg har ikkje lyst til å referere handlinga i ei bok, den fins allereie på smussomslaget eller i teksten der nettbokhandelen skriv om boka. Eg har lyst til å skrive om kva boka gjorde med meg. Kva sette ho i gang i mi tankeverd? Kva tenkjer eg i forlenginga av teksten? Korleis kan boka inspirere meg eller påverke meg på ulikt sett? Innimellom påverkar språket i boka meg, slik at omtalen ikkje berre seier noko om språket, men at språket mitt blir farga av språket i boka eg har lest. For meg blir det ein ekstra dimensjon til sjølve historia eller prosaen.

Eg seier ikkje at eg har fått til dette kvar gong. Denne tanken om kva eg ønsker har vorten så klar som dette akkurat no i kveld. Eg trur nok eg har utvikla både språk og stil på dei åra eg har skrive blogg. Heldigvis. Og meir kan skje!

Og som om ikkje dette er nok tekst i eit innlegg, så skal eg no fortsette å skrive litt om ei bok eg las tidleg i mai. Bret Easton Ellis och de andra hundarna av Lina Wolff. Ei bok eg kanskje aldri hadde lest om eg ikkje vart sittande ved sidan av forfattaren på litteraturfestivalen Æ Å. Seinare den kvelden las ho frå boka si. Eg vart fascinert både av det ho las og det ho sa ved bordet. Så då kjøpte eg boka. På svensk, for den er ikkje utgjeven på norsk. Det litt vanvittige var at Lina Wollf hadde skrive ei forteljing frå Spania, og delvis frå Sitges, der eg har budd ein månad for nokre år sidan.

Fordi eg forskar (ikkje som ein forskar, meir som ein amatørslektsforskar) heilt slik av eiga interesse på korleis ein tekst kan utvikle seg til noko meir, til noko langt og kanskje til og med til ein roman - var dette ein viktig inngang for meg i lesinga av Bret Easton Ellis och de andra hundarna. Å lese på svensk var det i tillegg knytt ei viss spenning til, ville det vere for mykje motstand i det å forstå språket?

Det er ein del personar i denne boka som forfattaren har greid å knytte i hop. Personar som i utgangspunktet ikkje har mykje med kvarandre å gjere. Hovudpersonen er Araceli, ei ung jente som bur saman med mor si. Wolff greier finurlig å bruke Araceli som eit lim i historia. Aracelis relasjonar til bestevenninna, til den asosiale lærarinna med den rotete leilegheita, til forfattarnaboen som er heilt uinteressert i kontakt med naboane, til ein leiar på ein fabrikk, som i sin tur kan skaffe Araceli og venninna kontakt med menn som betaler for selskapsdamer - og så vidare. Eg kunne fortsett å nemne mange fleire personar som blir skrivne inn i den store forteljinga, heilheita.

Eg veit ikkje, men kanskje starta forfattaren skrivinga med fleire små tekstar og forteljingar som sto godt åleine som kortare eller lengre noveller? Deretter fann ho ei overbygning med å bruke Araceli? Eg veit ikkje, men det kan i teorien ha vore gjort slik - og dette kan vere ein metode for meg dersom eg skal binde saman tekster til noko større.

Den sterkaste forteljinga i boka for meg handla om nokre mennesker i ein liten landsby i innlandet (framleis Spania) og om, ja, bygdedyret. Uhyggeleg og presist. Så mange små stader (- og store), så mange trånge tankar (- og opne). Eg heier på vidsynet, sjølv om trångsynet alltid òg vil eksistere.

Å lese på svensk gjekk svært bra, kanskje fordi eg var nysgjerrig på boka og innstilt på å lykkast med å lese ho? Ikkje minst var motivasjonen stor fordi eg hadde møtt forfattaren. Ho hadde skrive helsing i boka mi, og vi hadde begge eit sterkt forhold til Sitges. Til alt overmål var eg på ferie i Sør-Frankrike og budde i gamlebyen i Antibes då eg las boka - og eg begynte å lengte endå litt lenger sør.

Eg var farga av mangt i lesinga av denne boka og hadde ei særs fin lesaroppleving. Eg er likevel ikkje i tvil om at dette er ei god bok, slik litt meir objektivt sett, om skjønnlitteratur skal dømmast objektivt då?  Eg tilrår boka, òg på grunn av det flotte omslaget.



Framsida viser Alba, forfattaren i boka, og hennar kjæraste, utkledde. De bør faktisk lese denne boka. Når eg ser omslaget kjem mykje av handlinga attende til meg. Bret Easton Ellis och de andra hundarna er som eit skattekammer, kva som gøymer seg på dei neste sidene er uforutsigbart og spennande!

søndag 5. juni 2011

Feiring av bøkene

Ferie i Malaga og Feria del libro de Malaga.

Sol på himmelen, sand mellom tærne, bok i veska (1Q84 - er ikke tittelen bare herlig?) og bokfest. Bod på bod med bøker. Nye og gamle. Store og små. For store og for små. På spansk. Men likevel; synet, lukten, følelsen av å ta på dem: Fantastisk fint!

mandag 7. mars 2011

Grønn elv til glede

Det bugter seg en grønn elv gjennom Valencia.

Den har ikke alltid vært grønn. En gang var den blå - og vill - og gikk ofte over sine bredder.

Som grønn er den lekeplasser, idrettsanlegg, plener, sykkelveier, skateparker og til allmenn bruk.

Alle broene er fortsatt der. Majestetiske og til praktisk bruk for biler, busser og fotgjengere.



torsdag 24. februar 2011

Spansk savn

Åh, jeg savner Spania.


Gatebilder faller ned i hodet mitt der jeg kjører veien langs fjorden hjem fra jobb - hjemme i Trøndelag.

Fantastiske Ciudad de las Artes y de las Ciencias ... Bygninger så enorme, så futuristiske, så vakre ...

Bare se:










søndag 21. november 2010

Horchata



I Valencia stiftet vi bekjentskap med en ny drikk - Horchata. Laget av tigernøtter, vann og sukker. Servert kald, og med vaniljestang til. La oss si det var en interessant smak.



Vi kjøpte horchataen på Santa Catalina, i gamlebyen i Valencia, og anbefaler sterkt en tur innom denne tradisjonsrike, gamle kafeen.

søndag 14. november 2010

Fine Finestrat









Siden jeg bodde i Spania i to måneder i høst, siden jeg har tatt mange bilder og siden det er mye å like i Spania, så deler jeg noen bilder fra en liten by jeg har vært mange ganger.

Finestrat.

Enden av veien betyr byens navn, og navnet stemmer med virkeligheten. Der veien ender er det imidlertid en fortryllende liten by fra middelalderen.

Finestrat ligger på Costa Blanca, ikke langt fra Benidorm.

tirsdag 2. november 2010

I en liten by jeg kjenner



Et bittelite bakevareutsalg ligger noen skritt til høyre, noen skritt til venstre og inn en svært beskjeden dør. Señora har ferske baguetter så sprø som tørre krabbekropper vi fant på stranda som barn. Og - hun har minicroissanter. De er fylt med myk nougat. Nytelse som flyter.

Videre oppover og til høyre; rådhuset og kirken, med plazaen foran. Start og slutt for alle parader. De er ikke få.



I stedet for å ta til høyre tar jeg slakt venstre, og inn i bokriket. Biblioteket - og bibliotekene - er noe av det mest universelle. En samling av ordene, og de som elsker dem. Dette biblioteket er gammelt. Mørkt tre. Kvadratiske fliser. Et atrium uten tak med utstilte kulltegninger, eføy, og himmelen over har luftig sukkerspinn.

Byen heter Sitges, og jeg la igjen en liten bit av hjertet mitt i den.

søndag 24. oktober 2010

Gaudís Barcelona

Antoni Gaudí må ha vært helt spesiell.


Casa Milà.



På taket av Casa Milà.



Casa Batllo.



Parc Güell. Portnerbolig.



Parc Güell.



Sagrada Familià.



Sagrada Familià.

fredag 22. oktober 2010

Gateskatter


Alle disse ukjente gatene. Støvete. Varmen man aldri greier å gå ifra. Da satt de der. To trette - livstrette? - damer, elegant kledt. Hver på sin stol på en liten plaza.

Stoler av stein. Tidens tann hadde gått til angrep. Damen til venstre mangler venstre arm, den andre føttene. Ikke en gang tiden har vekket de livstrette fra søvnen.

Vakre, men trette. Trette og vakre. Elegant sittende.

Alle disse gatene. Varme.

Damene vi gikk ifra.

lørdag 16. oktober 2010

Ved Middelhavet

Det er alldeles midt i oktober. Jeg befinner meg i Valencia. Og jeg er solbrent på ryggen.