Vinteren tek aldri slutt på Island dette året, på kalenderen er det sein april, og ein byrjar håpe på våren. I staden snør og bles det, den eine snøstormen tek over etter den andre. Men posten, han må fram medan englane gret kvite tårer.
Ein måte å lese denne boka på er å filosofere over alle spørsmåla, opningane, teksten har. Til dømes når guten og postmann Jens er ytst mot ishavet og søkjer ly på den eine garden, hos den eine familien som bur der, og mannen i huset seier følgjande til guten: "Verdens ende, hva er det? Det som er verdens ende for deg, er hjemme for meg" (s. 279).
Vidare kan ein lese boka som ei pur glede over godt og poetisk språk, "...og når han sitter der bøyd over ordene, kan han føle sølvet inni seg." (s. 50). Guten har fått i oppgåve å omsetje ein tekst frå engelsk til islandsk, utan å kunne engelsk før han starta på oppgåven. Litt etter litt trer innhaldet i teksten fram for han - det byrjar glimte i sølvet. Magisk skrive av Stefánsson.
Ein kan lese boka som ein spenningsroman; mannen mot naturkreftene. Er det ved aldri gje opp ein viser seg som ein ekte mann, eller er ein endå sterkare og klokare om ein innser at naturkreftene er større og sterkare enn ein sjølv?
Dette er litteratur av det mest solide kaliberet. Les første boka, Himmelriket og helvete først, deretter Englenes sorg. Nyt kvaliteten!
Eg har så mange fine sitat å by på frå boka, at eg må ta med ei oppfordring til slutt:
(s. 231)