tirsdag 30. desember 2014

Lars Amund Vaage: Syngja

Lars Amund Vaage fekk Brageprisen i 2012 for denne boka. Den har vore i randsona av å bli teke med til kassa mange gonger, men eg har ikkje heilt vore i modus. Inntil litt før jul. Då vart ho med heim og har vore med i veska hit og dit samt ein tur til Bøfjorden før eg las ho ferdig.

Det er ei lita bok, litt over 200 sider.

Det er òg ei personleg bok som forfattaren seier det satt langt inne å skrive, og å gi ut.

Historia handlar om Vaage si dotter. Hans første barn. Eit barn det er noko med. Ho er annleis. Lærer ikkje. Knyter seg ikkje til foreldra. Ho spring, inn i sine eigne rom, ho spring ut i det ytre, men inn i seg sjølv. Hva er det med G? Kan ho lære, bli som andre?

Det er ei stor påkjenning å få eit barn som har store utfordringar. Korleis finn ein orda, språket for å skrive om det? Det er frykteleg vanskeleg. Det er så mange lag med innsikt og aksept som skal til før Vaage er komen til å skrive ut denne teksten. Mange mil med buss, bokstaveleg talt. Han kjørte buss i mange år ved sida av forfattarskapen sin.

Dette er ei rørande og sterk historie, full av kjærleik. Litt krevande å halde tråden på den måten eg las ho (nokre sider no og nokre sider då), men absolutt anbefalt.

Om det er nokon moral i boka tenker eg at det er å tore å stole på seg sjølv, og ikkje la fagfolka få det avgjerande ordet.