søndag 30. oktober 2011

Daniel Glattauer: Mot nordavinden


På ein litt lazy haustsøndag blei ei bok og sofakroken ein lukkeleg kombinasjon.

Sjølv om austerrikske Daniel Glattauer har skrive ei bok der formen er moderne, så er innhaldet ganske tidlaust.

La meg prøve å forklare kva eg meiner. Formen i boka er ei lang e-postutveksling mellom to menneske som tilfeldig kjem i kontakt. Temaet er fascinasjonen for eit anna menneske, eller rettare: den gjensidige fascinasjonen og kjensla og gleda av oppmerksemd! Kor flatterande er ikkje det? Kor interessante blir vi ikkje i lyset frå ein interessert andreperson? Forelsking kallas det vel?

På e-post, eller i brev, er ein ganske avsondra frå konteksten, meir eller mindre bevisst. Førestillinga om den andre kan utvikle seg atskilt frå resten av verda til personane som er involvert i dialogen.

Spennande tema, ja?

Glattauer greidde å gripe meg og halde spenninga oppe heile søndagen. Intenst las eg om Emmi og Leo. Las om at dei avdekka kjensler og liv og lengsler for kvarandre på e-post.

Kva med tittelen, Mot nordavinden? Ja ... han kan vere hard, nordavinden. Kald. Som tittel på boka blir han poetisk. Les og finn ut meir! Eller sjå kva Solgunn meiner om boka.

søndag 16. oktober 2011

Perfekte Paris

Paris er perfekt, til dømes til å

ete (cupcakes frå Berko)


her (utafor Sacre Coeur)

søndag 2. oktober 2011

Høyr lyden av lauv som fell -

Eg er eit haustbarn,
som

elskar haustfargene mot det blå himmellerretet,
elskar det vakre i vemodet,
elskar lyden av lauv som fell.