søndag 30. oktober 2011
Daniel Glattauer: Mot nordavinden
På ein litt lazy haustsøndag blei ei bok og sofakroken ein lukkeleg kombinasjon.
Sjølv om austerrikske Daniel Glattauer har skrive ei bok der formen er moderne, så er innhaldet ganske tidlaust.
La meg prøve å forklare kva eg meiner. Formen i boka er ei lang e-postutveksling mellom to menneske som tilfeldig kjem i kontakt. Temaet er fascinasjonen for eit anna menneske, eller rettare: den gjensidige fascinasjonen og kjensla og gleda av oppmerksemd! Kor flatterande er ikkje det? Kor interessante blir vi ikkje i lyset frå ein interessert andreperson? Forelsking kallas det vel?
På e-post, eller i brev, er ein ganske avsondra frå konteksten, meir eller mindre bevisst. Førestillinga om den andre kan utvikle seg atskilt frå resten av verda til personane som er involvert i dialogen.
Spennande tema, ja?
Glattauer greidde å gripe meg og halde spenninga oppe heile søndagen. Intenst las eg om Emmi og Leo. Las om at dei avdekka kjensler og liv og lengsler for kvarandre på e-post.
Kva med tittelen, Mot nordavinden? Ja ... han kan vere hard, nordavinden. Kald. Som tittel på boka blir han poetisk. Les og finn ut meir! Eller sjå kva Solgunn meiner om boka.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Det er sååå kjekt å få tilbakemelding på innlegget mitt. :-D