onsdag 23. september 2015

Jan Roar Leikvoll: Songfuglen

Vi er i eit anna type samfunn enn vi er vant til. Det er kvinnene som styrer. Mannfolka lever på andre sida av elva - som ville dyr som brølar i skogen. Eller dei lever på bordell i kvinnesamfunnet, som kastratsongarar eller som fordekte kvinner.

I dette samfunnet veks Jakoba opp. Eller Jakob, er det visst. Mor og tante har greid å halde det skjult at han eigentleg er ein gut. Han har kjole og lange fletter og underbukser som er så stramme at dei skjer i huda.

I starten av boka døyr tanta, og det blir mora og Jakoba som må finne ut av ting vidare. Mora vil at Jakoba skal bli songar. Det inneber å bli kastrert. Jakoba får ei oppvaking undervegs i historia. Det fins fleire som han, og ikkje minst; han kjenner tiltrekking til jenter og kåtskapen riv i kroppen.

Dette er første boka eg har lest av Leikvoll. Eg skal lese fleire. Dette er originalt og språket er nifst presist. Uro og frykt er sett på dagsorden frå første side. Historia er konkret, men likevel full av spørsmålsteikn for lesaren. Hva slags samfunn er dette? Kvifor haldast kjønna frå kvarandre? Kva har skjedd sidan samfunnet har vorte slik? Er det ingen utvegar for menneska i dette samfunnet? Og - er det nokon utveg for Jakoba?

Mystikken, eller tilsløringa, varer til siste side, og eg er framleis usikker på korleis eg skal tolke slutten. Det trur eg er heilt bevisst frå forfattaren, og eit poeng i seg sjølv. Korleis sleppe unna eit diktatur? Kva kan gjere deg fri?

Eg tilrår sterkt å lese denne boka. Eg lånte ho på biblioteket.