Kanskje var det tittelen Stille natt som fekk meg til å ta med meg denne boka frå hylla på Bookstars i Trondheim, og på juleferie til Vestlandet? Riktignok nordvestlandet, og ikkje Hovlands meir tjukkaste Vestland, men likevel; vestlandsforfattar, julesongtittel.
Det er slik eg liker humoren; underfundig, mørk og rå.
Det er slik eg liker språket; gjennomarbeida utan mykje ekstra dill.
Det er slik eg kan like personane; komplekse til trass for få ord og enkle liv.
Hovudpersonen er forfattar og slit ikkje berre med å skrive, men med damer. Advokatbroren slit med vellukkalivet og vellukkakona. Tredje broren slit med nervane. Far sjølv skal dø, og mor lagar tradisjonell vestlansk bondekost. Dei to yngste brørne er forsvunne på mystisk vis, og skal helst ikkje nemnast lenger.
Familiedrama utan store ord, men full av svart humor. Til Framtida seier Hovland at det var familieforhold han ville seie noko om med boka, og "dette at du ikkje slepp unna familien din". Stillheita og natta er ikkje knytt til jul og julesonger, men eit gamalt trøorgel har fått plass i historia.
Dette er litteratur på sitt beste, eg berre diggar Ragnar Hovland. Les, les er mitt råd!
fin omtale :)
SvarSlettlikte selv denne boken vanvittig godt.
god helg !
humoren: "underfundig , mørk og rå." Veldig god beskrivelse. Skal leses!
SvarSlett