Vi har fått rom i 2. etasje. Da er det vel ingen vits i å ta heisen? Sei ikkje det. Vi tar alltid heisen, opp og ned. Innestengde i den vesle boksen blir vi med eitt så inderleg to-eine at vi alltid må kysse kvarandre så snart heisen set seg i gang. Korleis det er inni deg den blunken det varer veit eg ikkje. Men inni meg boblar kvar gong ei lita spenning: Rekk vi det? Rekk vi det før heisen stansar og vi må ut? Og jammen rekk vi det gong etter gong etter gong. Vi tar alltid heisen. Halldis Moren Vesaas, frå Livshus (1995) |
mandag 7. november 2011
Kyssing i heisen
Ferdaminne frå sommaren 1985
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Det er så fint et dikt!! :-)
SvarSlett