fredag 6. januar 2012

Takk, kjære Lina

Sorgen kom til oss denne jula.

Om morgonen lille julaftan mjaua ho til meg. Sårt og hjarteskjærande. Turen gjekk til dyrlegen, og Lina vart ikkje med heim igjen.

Så da vart det slik, kjære Lina, at eg aldri meir skal oppleve deg starte opp ved postkassane når eg kjem kjørande heimat.

Aldri meir sjå deg springe foran bilen, på innsida av naboen i gulhuset sin hekk, over gardsplassen til naboen i gråhuset.

Aldri meir sit du på trappa og ventar når eg går ut av bilen.

Aldri meir tydelege krav om kven som skal ha middag først.

Aldri meir hengje så lang du er på balkongdøra for å varsle at du vil inn. No!

Aldri meir skal du liggje på magen min oppå dyna. Sørge for at eg ligg heilt i ro og kjenner varmen og den enkle gleda av berre å vere til.

Aldri meir skal du leggje deg samstundes med guten, han som treng deg for å sovne.

Aldri meir, og likevel: Du var her. Kvar dag. No er du i hjarta våre for alltid.

Takk, kjære Lina -

2 kommentarer:

  1. Å miste en liten venn er beintøft. Det er jo et familiemedlem, og en vegg blir borte... Trøsten får være at det finnes flere små venner som trenger et hjem - sånn etterhvert bare sorgen har lagt seg littegrann, og som kan bysse gutten din i søvn.

    Trøsteklem fra en annen kattemamma

    SvarSlett
  2. Veldig fin var hun, den godeste Lina :) Skjønner det var trist at hun måtte avlives, ser jo hjemme hvor hyggelig det er når kattene kommer inn.

    SvarSlett

Det er sååå kjekt å få tilbakemelding på innlegget mitt. :-D