Rett før jul i fjor las eg Kristin Floods bok om Frans av Assisi. For meg ei skjellsettande bok om ei vandring både i Frans' fotspor og mennesket si søking etter meining.
No har eg lest Floods Amor fati. Om å elske sin skjebne.
Kva betyr det å elske sin skjebne? Å tru på skjebnen høyrest så viljelaust ut! Og å seie "det er vel ei meining med det" er òg så klisjeaktig.
Flood meiner at skjebnen er noko aktivt, ei innstilling. Han inneber ein tillit til livet og ein aksept for både godt og vondt som skjer. Forfatteren siterer Sergio Gonzales de la Garzas: "Skjebnen er en sinnstilstand".
Boka utforsker menneskets indre landskap. Kven er vi? Kva vil kjenslene våre seie oss? Kva inneber det å lytte til kjenslene, til hjartet, til fornemmingane? Kan vår indre stemme og vår intuisjon vere like viktige å lytte til som hovudet vårt og fornufta?
Det finnes en annen del av oss, en bit i vårt eksistensielle landskap, som vet bedre enn hodet vårt hva som er best for oss akkurat nå. Det er et sted uten form, uten farge, uten lyd. Det kan ikke fanges. Ordene smuldrer bort i forsøket på å forklare. (s. 143)
For å vere i kontakt med sitt indre, og dermed kjenne seg sjølve, må ein tore å vere i den stillheita som skal til for å høyre stemma si. Travle dagar der ein alltid er på tur ein annan stad, fysisk og mentalt, gir ikkje rom for å berre å vere og å lytte til seg sjølv.
Elsk skjebnen din i julestria! Ver i den dovne elva som flyt sakte ned gjennom dalen, kjenn lukta frå blomar og høyr lyden frå ein kvekkande frosk. Brisen stryk over jorda, kjærteiknar deg om du kjenner etter. Drøym. Flyt. Ver. Og no er det helg -
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Det er sååå kjekt å få tilbakemelding på innlegget mitt. :-D