søndag 1. februar 2009

Aforismar og Ragnar Hovland

Aforismar er korte og treffande små setningar, som for eksempel denne:

Fulle og trøytte, det er oss to i eit nøtteskal.

Eller denne:

Kvaliteten på lokalet gjekk ned med fleire prosent idet han steig inn.

Begge desse fyndorda er skrivne av Ragnar Hovland. Ein av mine heltar. Ikkje berre skriv han på nynorsk, men han skriv med humor. Ein underfundig humor, som får meg til å småknegge medan eg les. Om du har lyst til å lese noko av han, er rådet mitt å byrje med Sveve over vatna frå 1982.

Aforismane sitert ovanfor, og mange fleir i same ånd, fins i Åleine i Alpane frå 1999/2006.

2 kommentarer:

  1. Er ikke Ragnar Hovland han som skrev teksten til "Kveldssong for deg og meg" som ble så populær med Odd Nordstoga? Sangen ble etterhver kjent som "Grisen står og hyler" :-)

    SvarSlett
  2. Det stemmer det. Hovland er en mangfoldig kar. Han spiller også i Dei nye kapellanane. Gruppa hadde utspring fra Samlaget. :-)

    SvarSlett

Det er sååå kjekt å få tilbakemelding på innlegget mitt. :-D