mandag 2. februar 2009

Det er den kjærleiksdraumen – Bodil og Olav sin

Ein dag skreiv Bodil Cappelen eit brev til diktaren Olav H. Hauge. Ho lurte på om han ville veksle brev med ho. Olav skreiv attende. Dei sendte kvaradre små ting; bøker, tidsskrift, skjerf, dikt. Dei møttest òg ved nokre høve.

Bodil var gift, og budde med mannen og to born i skjærgården i Vestfold. Olav, ungkaren, budde høgt over Ulvik, og heldt seg mykje for seg sjølv.

Når forsto dei at vennskapet var noko meir? Dei hadde mykje imot seg: aldersforskjellen var stor, den geografiske avstanden monaleg og den eine var gift. Modige Bodil bryt med mannen og flyttar til Olav. Dette var i 1975. Då hadde dei skrive brev saman sidan 1970.

Bodil er kunstnar som Olav. Ho vev. Olav skreiv kjærleiken sin til Bodil slik:

Vev meg eit teppe, Bodil

Vev meg eit teppe, Bodil,
vev det av syner og draumar,
vev det av vind
– Slik at eg, som beduinen, kan
breida det ut når eg bed,
sveipa det um meg
når eg søv,
og kvar morgon ropa:
Bord duka er!
Vev det til
ei kappe
i kulden
til eit segl
på min båt!
– Ein dag skal eg setja meg på teppet
og sigla burt på det
til ei onnor verd.


Bodil og Olav fekk mange år saman. Draumen åpna seg for dei to.

Bodil Cappelens og Olav H. Hauges brev er gitt ut i bokform, Brev 1970–1975, 1996.
Meir om historia finn de her: http://www.dagbladet.no/kultur/2000/08/26/216745.html

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Det er sååå kjekt å få tilbakemelding på innlegget mitt. :-D