lørdag 6. juni 2009

The Phantom of the Opera

Ein gong såg eg The Phantom of the Opera på teater i London. Det er meir enn ti år sidan, men den valdsame starten med lysekrona som kjem rasanda nedover frå taket sit framleis festa til minnet.

Tidlegare i år høyrde eg noko av musikken på ein konsert som eit lokalt kor hadde. Musikken vekte minner frå den fantastiske London-førestillinga, og eg fekk så lyst til å høyre Andrew Lloyd Webbers komposisjon igjen.

Lukka var at ei venninne hadde filmen om Christine, Raoul og sjølvaste Fantomet, og lånte den meg. Å! Han er fin, ikkje berre musikken, men stemninga; fargene, uhygga, tiltrekkinga mellom Christine og Fantomet, tidsanda, mystikken ...

Fantomet bur i katakombane under eit teater i Paris, året er 1870. Han er eit musikalsk geni, ein kaldblodig mordar, og han er forelska i Christine. Han både fascinerer og skremmer ho. Heldigvis er det ein god riddar inne i bildet, Raoul, som redder Christine frå å bli lokka inn i Fantomets underverden.

Eg tilrår denne musikalen. Sjølvsagt er det aller, aller best å sjå stykket live, men filmen er òg ei oppleving. Sjå, og syng med!

1 kommentar:

Det er sååå kjekt å få tilbakemelding på innlegget mitt. :-D