søndag 2. desember 2012

2. desember

Er draumar berre noko fjernt, livsfjernt? Vi kan drøyme heilt fantastiske, urealistiske og skumle ting om natta. Vi kan drøyme oss vekk frå ein kjedeleg kvardag.

Om ein har ein draum, ville det ikkje vore utruleg fint å leve draumen? Kvifor tenkje at det er umogleg?

Men kva er draumen? Ein heilt vanleg tysdag midt i arbeidstida er det spørsmålet kanskje ikkje så lett å svare på? Ein måte å finne igjen draumane på er å tenkje seg attende til barndomen. Kva likte eg å gjere då, kva gjorde eg i dei lange stundene eg var i flyt? Då eg var så i det at alt anna var uvesentleg?

Å tenkje seg attende til barndomen er eit av tipsa til Ellen Vahr i boka Drømmekraft. Boka handlar både om å finne (attende) draumen og å gjere noko med den. La krafta i den verke.

Då eg gjekk på skulen drøymde eg om å opptre, spele skuespel eller syngje. Eg song mykje framfor spegelen med hårbørstemikrofon. Med åra har eg meir og meir vorte medviten om kor mykje energi songen gir meg. Eg blir så glad av musikk, og å vere i han, at eg nesten brest!

For nokre veker sidan var eg modigare enn en nokon gong trudde eg kunne vere. Eg var i eit rom der det var lagt til rette for spontane opptredener. Gjesten denne kvelden var Henning Sommerro. Eg spurte om eg fekk syngje saman med han. Det fekk eg. Eg song "Nordmørsminne" med hjartet. Den kvelden levde eg ein av mine draumar.

1 kommentar:

  1. Kult! Tøft gjort og det kommer du jo aldri til å glemme! Klem fra Alta, fra ei som prøve å følge drømman hele tiden :-)

    SvarSlett

Det er sååå kjekt å få tilbakemelding på innlegget mitt. :-D