fredag 19. april 2013

Kvar er lyrikken?

Eg har leita. På Brunhjørnet, Norli i Nordre, Ark på Trondheim Torg og på Bookstars. Bøker finn eg, men lyrikk? Nestan som om ein ikkje kan kalle seg bokhandel når ein knapt har eit par hyllemeter med dikt og prosa, vel? Og boka eg leita etter fann eg ingen av stadene. Ikkje ein gong på biblioteket, som eg har slik tiltru til. Vonleg var ho utlånt, diktsamlinga Prinsens gate av Pedro Carmona-Alvarez. Eg fann derimot Heltar. Carmona-Alvarez første diktsamling, trur eg. Ein liten smakebit:



Må berre nemnast at Haugen bok, nett kåra til Norges beste bokhandel, har Prinsens gate. Men du og du, då eg var i Volda for nokre år sidan og ville innom Haugen (legendariske Haugen ...) fann eg ingen butikk. Dei dreiv berre på nett.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Det er sååå kjekt å få tilbakemelding på innlegget mitt. :-D