tirsdag 16. juli 2013

Belinda Starling: Bokbindersken

Belinda Starling rakk berre å gi ut ei bok, ho døydde då ho var 34 år, sju veker etter ein operasjon som ikkje var vellykka. Det var litt rart å lese det i eit etterord, nestan som eg blir litt mildare stemt i omtalen når eg veit at forfattaren døde ung og etter nærmast ein rutineoperasjon.

Historia om Dora Damage rører likevel aldri ordentlig ved meg. Eg trur det er minst to grunnar. Personane blir ikkje truverdige, eg greier ikkje å leve meg inn i dei eller lagnaden deira. Biletet av Dora som går i lang kjole i gjørme og skodde, og skotuppane som kjem fram frå stakken når ho går, blir berre teit. Platt. Og så er det språket. Det er kjedelig. For mykje skildring av trivialiteter. Først gjorde ho slik, så gjorde ho sånn, så gjorde han slik.

Slik nestan halvveges tenkte eg at nok var nok. Men - så var det noko i meg som lengta etter å finne ut korleis det eigentleg gjekk. Med Dora, mannen hennar som hadde leddgikt, afrikanaren og homsen. Så historia var god nok til å vekkje nysgjerrigheita mi trass alt. Og eg tenkjer at til å lese på stranda og på flyet var dette ukomplisert og grei underhaldning.

Boka var ei gebursdagsgåve - takk Groskro!

2 kommentarer:

  1. Jeg er helt enig med deg Mette, dette var kun grei underholdning.

    Men så tenkte jeg at du kunne like den allikevel, siden du likte "Den trettende fortellingen" og den likte ikke jeg. Vi har jo litt forskjellig boksmak, men noen ganger er den visst litt lik også :)

    SvarSlett
  2. Hurra for at man blogger om bøker. Denne leste jeg for tre år siden, men husket ikke så mye av den, så da tok jeg et lite tilbakeblikk til 2010, og det ser ut som om jeg har likt den bedre enn både du og Gro. Likte spesielt det historiske, og syns det var fine beskrivelser av London. Veldig tydelig at det var fattigdom og møkk og gruelig fæle lukter.

    SvarSlett

Det er sååå kjekt å få tilbakemelding på innlegget mitt. :-D