søndag 6. oktober 2013

Agnes Ravatn: Fugletribunalet

Kven er vi?

Kor mykje kan vi fri oss frå fortida og byrje på nytt - om det i det heile tatt er mogleg?

Allis tenkjer at ho og Sigurd må bli fri for å kunne gå vidare saman: Den gamle verda skulle søkke i havet, den nye stige opp. (s. 206).

Det er to personar som har opplevd store menneskelege påkjenningar som møtest i denne historia. Den tidlegare tv-kjendisen, Allis, har flykta frå ei skandale, og Sigurd lever som ein eremitt i huset på landet med ein attgrodd hage. Hit kjem Allis som hushjelp og gartnar.

Einsemd blir ei slags tosemd, men dei to har løyndomar og skam i sekkane sine. Kan dei hjelpe kvarandre ut av skalet, kan dei elske igjen, og har dei rom for å elske den andre?

Ravatn har skrive sterkt, sterkt om relasjonen som utviklar seg, ein relasjon som tidvis har ein balanse, som tidvis er langt ute av balanse og blir destruktiv, men likefullt har element av lengsel, varheit og som syner to hungrige, søkjande menneske.

Men kan dei leve beskytta i tosemda si, er det ein farbar veg?

Les, og la deg overvelde av stor innsikt i menneskenaturen.

Boka var eg så heldig å få på bokbloggartreffet i september. Det andre i sitt slag. Mellom andre Groskro, Knirk og Siljes skriblerier har skrive om det.

1 kommentar:

  1. Denne her tar jeg med meg på ferie til uka, og gleder meg voldsomt til å endelig få lest den! :)

    SvarSlett

Det er sååå kjekt å få tilbakemelding på innlegget mitt. :-D