tirsdag 4. februar 2014

Ruth Lillegraven: Urd

Dikt. Kortprosa. Forteljing.

Ei historie om Seselja. Ho som levde frå rett før 1900-talet, til 1975. Ho som var "faster til alle, og likevel ikkje til nokon". Dei få orda seier så mykje - er fine og triste på same tid.

Ei historie om Cecilie. Som blir fødd nestan i same stunda Seselja døyr. I motsetnad til Seselja skal Cecilie bli mor.

Seseljas vesle stue. Namna deira og den vesle stua bind dei to kvinnene saman.

Delen om Seselja grip meg mest. Sykdommen ho overlever, medan veslebroren døyr. Mora blir til mor mold. Sterkt bilete. Sorga som sett seg fast.

Delen der Cecilie er gravid har vakre prosatekstar, og fin typografi. Tekstbolkane forma til bryst og gravide magar. Fiffig! Eg har problem med å knyte svangerskapsdelen til resten av historia, eg mistar litt tråden. Men det gjer ikkje så mykje.

For dette er ei bok å elske.

Eg må dele eit lite utdrag, dette er frå "1910":

[...]
eg løfter ned
perlemorskyene
spinn ein tynn
tråd av dei

[...]
tråden
ligg mellom
fingrane mine
stram og
skjør

Urd tyder fortid og Urd òg eit av dei første vekeblada for kvinner i Noreg.

Lillegraven og Urd er nominert i Åpen klasse til Bokbloggerprisen 2013. Ho må gjerne vinne for min del, sjølv om Siri Pettersen og Ravneringene er ein hard konkurrent. Urd er ein svært sterk kandidat fordi dette er originalt gjort. Lyrikken er nydeleg, typografien gir eit ekstra lag med meining og alt er vevd saman i ei historie som drar meg raskt gjennom sidene og skulle ønske det var meir.

1 kommentar:

  1. Denne diktsamlingen leste jeg i dag, klarte ikke å legge den fra meg, til og med etter at den var ferdig lest bladde jeg frem og tilbake og leste enkelte dikt om igjen. "Faster til alle, og likevel ikkje til nokon", enig med deg i at dette sier så mye, og at boken er til å elske!

    SvarSlett

Det er sååå kjekt å få tilbakemelding på innlegget mitt. :-D