søndag 10. juni 2012

From Dublin with love

Eg la igjen ein liten bit av hjartet mitt i Dublin. Kunne eg anna? På Irland blir ein tatt imot som ein gamal venn. Irane er åpne, vennlege og livlege. Eg følte meg heime med ein einaste gong. Når ein attåt er på tur saman med verdas finaste kor, Byneset Songlag, vart dagane fulle av positive inntrykk; latter, musikk, sol, lykke. O' herlege vitamininnsprøyting!


På Howth lukta det salt sjø, - ja , det var salt sjø der òg. Men den gløymde eg rett å ta bilete av. Denne søte butikken derimot ...



Powerscourt Gardens. Vakkert, vakkert. Sol fekk vi denne dagen og vi song med sola steikjande i ansiktet. Songlykke.



Heldige var vi som fekk oppleve Johnnie Fox's Pub. Så mykje krimskrams - over alt! Lammeskanken var god og servitørane like så.


Irland er kjent for mange forfattarar ... James Joyce, W. B. Yeats, George Bernhard Shaw, Oscar Wilde. På Writers Museum får ein kjennskap til forfattarar gjennom historia og sjå bøker og bilete. Ein fin kaffe med flat white og bookshop har dei òg.



Når eg flyttar til Irland skal eg bu i eit lilla hus og gle med over det grøne og frodige, over kultur og irsk lynne. Og over sekkepipas klatring i tonane.

4 kommentarer:

  1. Fine bilder og fine tekster :-)

    SvarSlett
  2. Irland er bare sååå utrolig fantastisk! Faktisk så fantastisk at jeg på ellevte året bor sammen med en ire :-) Vi har vært flere ganger i Nord-Irland på besøk, to ganger "på drift" i bil og bodd i B&B på kryss og tvers i Sør-Irland. Alle like vennlige, snakkesalige og musikkelskende. Du har tatt noen flotte bilder fra Dublin!

    SvarSlett
  3. Åh, KindleJoy! Så fint å høre. Herlig! Tror jeg drar sporenstreks tilbake.

    SvarSlett
  4. Så heldig var jeg som var der sammen med deg <3 Nydelige bilder og tekst Mette <3

    SvarSlett

Det er sååå kjekt å få tilbakemelding på innlegget mitt. :-D