mandag 11. februar 2013

Haruki Murakami: After Dark

Natt. Éi natt. Denne eine natta varer After Dark.

Draum.

Eller verkelegheit.

Er det noko midt i mellom, - både og? Det er ikkje så farleg. Vi er i Murakamis univers, og eg elskar det!

Storbyen Tokyo. "Det vi ser, er byens form. Vi ser ovenfra og ned [...]", skriv forfattaren. (s. 5) Mari sit på ein kafé. Les. Vil vi ikkje alle bli funne? Mari blir funne denne natta.

Søstera Eri søv, slik ho stort sett har gjort i tre månader. Eg trur Eri vil dø. Eri forsvinn denne natta. Men så blir ho gjenfunne. Mari finn at kjærleiken til søstera si.

Mari og Eri har pint seg sjølv med låge tankar om eige verd, medan dei har hatt høge tankar om den andre.

Det skjer mykje meir denne natta, men kjernen for meg i denne forteljinga er bandet mellom dei to søstrene, dei som berre har eitt teikn forskjell i namna sine.

"Natten er bare så vidt over. Og det er ennå lenge til neste gang det blir mørkt." (s. 168)

Takk, Hilde, for boka.

2 kommentarer:

  1. Fin omtale som fanger Murakami-universet perfekt... uten at jeg er en helt overbevist Murakami-tilhenger, ennå... :-)

    SvarSlett
  2. Åhh, så vakkert skrevet! Det er mange i Murakami-modus om dagen. Selv er jeg langt inne i 1Q84. Så deilig å bare slukes av historien, bare sveve med inn i det merkelige, såre, melankolske universet hans :)

    SvarSlett

Det er sååå kjekt å få tilbakemelding på innlegget mitt. :-D