torsdag 30. mai 2013

Haruki Murakami: Trekkoppfuglen

Kva hugsar eg av det eg har lest? Ja, kva hugsar eg frå livsgangen min? Denne teksten handlar litt om å hugse skjønnlitteratur og litt om Trekkoppfuglen.

Sonen sette meg på eit spor. Han sa, -når eg ikkje har noko å lese på stikk eg handa ned i ei eske med donaldblader, eg tek eitt slik cirka midt inne i bunken. Med ein gong eg har starta å lese hugsar eg heile historie. Uansett kva blad eg tek fram! Og jamen, slik er det med dei fleste romanar eg har lest òg! Ikkje tale om at eg hugser noko av handlinga. Kanskje ørlite grann av ramma, at det var ein far og ei dotter som var hovudpersonane, til dømes. Dersom eg tek fram boka og byrjar lese, derimot, så kjem såpass mykje tilbake til meg at det ikkje er vits i å lese. Om det ikkje er Beatles eller Forbrytelse og straff eller nokre få til. Å, ja ... Kjærlighet av Hanne Ørstavik. Då les ein ikkje for å friske opp, men for å nyte og glede seg ein gong til.

Eg bloggar. Eg bloggar gjerne om leseopplevingar. Innimellom kan det gå litt tid før eg får tid til å skrive om opplevinga mi. Eg var litt usikker på kva eg hugsa av Trekkoppfuglen. Haruki Murakami. Sjølvaste. Frå eg vart bergteken av Kafka stranden (men ikkje hugsar så mykje av den, eller, vent no litt ... regna det ikkje sniglar på han gamle mannen?) har Murakami hatt ein spesiell plass i lesehjartet mitt. Norwegian Wood er boka eg hugsar mest frå. Kanskje den minst "rare" boka hans, forresten.

Kva er ein trekkoppfugl? Ein ekte fugl? Ein fantasiskapning? Eventyrfigur? Kva gjer trekkoppfuglen eigentleg i denne historia? Varslar han om noko, ulukke? Ja, han varslar, trur eg, er eit teikn. Eg veit ikkje heilt på kva. Trur ikkje det er så farleg, eller viktig, for meg. Kapittelet om den vesle guten som ser to menn i hagen om natta, og høyrer trekkoppfuglen oppe i treet er verdt heile boka åleine. Nokre få sider av 637.

Og som alltid. Her er det mykje, mykje meir. Toru Okada (er ikkje han òg den vesle guten, tru?): arbeidslaus, kattelaus, kjerringlaus, ganske tiltakslaus på sett og vis. Dei underlege kvinnene kjem til han, i merkelige klede, raude hattar, interesse for tupear. Det er rart, men fint, i Murakamis verder. I Trekkoppfuglen går han òg tilbake til Mansjuria i 1937, der det er kamp om grenseområder. Fryktelege pinsler skjer for å få fienden til å røpe oppdraget. Verkeleg makabert. Krigshistoria løfter denne boka ytterlegare. Det er storslagen litteratur, dette.

Glad eg har lese enno ei bok av japanaren. Noko hugsar eg, mykje kjem tilbake no når eg skriv. Litt frå denne boka trur eg til og med blir sittande igjen.

3 kommentarer:

  1. Jeg ble også bergtatt av Kafka på stranden (foreløbig den eneste Murakami-boken jeg har lest) og gleder meg til å lese mer av denne japaneren. Spesiell bok, men veldig fin!

    SvarSlett
  2. Hei! Fant postkortet du hadde lagt igjen i Trekkoppfuglen. Gleder meg stort til å lese den. Vil opplyse om at den nå skal bli med på Interrail, så nå kommer denne boken til å oppleve enda flere europeiske byer. Takk for kort :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Åh, så artig at du fant kortet og at boka skal ut på nye eventyr. Det passer godt for slik en eventyrlig fortelling. God tur og takk for at du så innom bloggen!

      Slett

Det er sååå kjekt å få tilbakemelding på innlegget mitt. :-D