mandag 9. januar 2012

Kristin Flood: I Frans av Assisis fotspor

Ein svært tidleg morgon på sentralstasjonen lyste ei bok mot meg frå bokreolen på Narvesen; I Frans av Assisis fotspor av Kristin Flood.

Var det ein slags biografi? Eg les ikkje den slags bøker så ofte. Hm. Men eg vart trekt mot boka der ho stod, og - eg hadde høyrt litt om Kristin Flood, blant anna at ho arrangerer skrivekurs i Italia.

Undertittelen "Jakten på en annen rikdom" minte litt om titler på bøker om sjølvutvikling. Men saman med hovudtittelen fekk orda meir dybde.

Så eg fulgte magekjensla og kjøpte boka. (Eg har blitt meir og meir opptatt av intuisjonen, av at det første eg tenkjer, er det rette. Det er eigentleg ganske komfortabelt. Berre prøv!)

Kven var Frans av Assisi? Leder av fransiskanerordenen og munk er stikkorda eg ville kasta ut av meg om nokon spurde. Flood fortel om Frans som var son av ein rik kjøpmann i Umbria, og om ei ungdomstid med festing og overflod. På eit tidspunkt begynte Frans å gå lange turer i naturen, han søkte ro for å tenke og meditere. Til menneskene på torget i Assisi talte han om skatten han hadde funne på eine-vandringane sine i fjellet.

Etterkvart fekk Frans ry på seg for å ha vorten sprø. Det endte med at han braut heilt med livet sitt slik det var. Til og med kleda sine tok han av seg midt på torget i Assisi. No vidde han seg til ei søking. Kva er det viktige i livet? spurte han seg kanskje; kva er det som er vakkert? Og han fann ut at det vakre var ikkje fine hus og fine klede. Det vakre i menneska ligg innafor det ytre. Og denne venleiken ser ein med hjartet. Det var antakeleg møtet med ein spedalsk som opna Frans' augo - eller rettare sagt, hjarte - for denne erkjenninga.

Boka til Flood er på ein måte ei sjølvutviklingsbok. Ho brukar Frans si historie og hans "oppvaking" til å reflektere over sitt eige liv, til å finne sitt eige indre rom og til å sjå med hjartet.

Denne boka er ei pilegrimsreise for lesaren òg, og eg tenkjer at ein skal høyre på magekjensla - eller hjartet? - også tidlege vintermorgoner på ein jernbanestasjon i Trøndelag.

1 kommentar:

  1. Jeg forbinder Frans av Assisi med dyr. Har ikke han fått en slags helgenstatus som dyrs beskytter? Står det noe om det mon tro?

    SvarSlett

Det er sååå kjekt å få tilbakemelding på innlegget mitt. :-D